Stressless er 50 år - blir markert med utstillingar:

Lansert då stress var moderne

– For 50 år sidan var stress noko nytt og moderne. Odd Børre song om det i Melodi Grand Prix, og det gav status å vere stressa. Så då Ekornes i 1971 presenterte Stressless, var det på rett tidspunkt.

Dei første stolane: ldar Høidal (til venstre) og Jan Lade med Stressless Global. Til venstre står Stressles Original. Dette var dei to første stolane som vart lansert i 1971.   Foto: Terje Engås

Næringsliv

Det seier Eldar Høidal, møbelhistorikar og leiar av Møbelmuseet i Sykkylven. I fjor markerte museet 100-årsjubileet til designaren Ingmar Relling. I år skal dei markere at det er 50 år sidan Ekornes lanserte Stressless-stolen.