Dømd til å betale tilbake ulovleg lån

Den tidlegare daglege leiaren blei dømd for økonomisk utruskap og har no også tapt eit sivilt søksmål frå selskap han enno er medeigar i.

Illustrasjon  Foto: Berit Roald, NTB

Næringsliv

Møre og Romsdal tingrett har dømt den tidlegare daglege leiaren og medeigaren til å betale til saman 1,7 millionar kroner til to selskap som har saksøkt han. 259.000 kroner av denne summen er til dekning av motparten sine sakskostnader.