Statsministeren besøkte Herøy:

Serverte «fish and chips» og takka for frihandelsavtalen

– Vi er svært letta og glade for den frihandelsavtalen mellom Norge og Storbritannia som no er komen på plass, sa Paul Harald Leinebø då han og andre Herøy-reiarar takka statsminiseren under besøket søndag.

Servering: Paul Harald Leinebø og dottera, Lisa Leinebø Pinheiro, serverte den britiske nasjonalretten Fish and chips, og viste statsminister Solberg stor takksemd for at det no er komen på plass ein frihandelsavtale med Storbritannia, noko som betyr mykje for lønsemda knytt til eksport av fisk til britane.  Foto: Gunnar Wiik

Næringsliv

Herøy-verksemdene som er knytt opp mot fiskebåtar som «Eros», «Leinebris», «Ramoen» og «Herøyfjord» – med Per Magne Eggesbø, Lisa Leinebø Pinheiro og Paul Harald Leinebø i spissen – ville takke statsminister Erna Solberg for at regjeringa endeleg har lukkast med å få på plass ein frihandelsavtale med Storbritannia, som ikkje lenger er ein del av EU.