Skal lokke innovatørar til Volda

– Skal velje Volda før Ålesund

– Det handlar ikkje berre om å selje ei tomt. Vi må utvikle, og vere med å påverke slik at vi vert ein attraktiv region. Aktørar skal velje oss framfor Ålesund.

Volda Utvikling: Styreleiar Thomas Lundberg, og styremedlem Ivar Kvangardsnes i Volda Utvikling. Den tredje i styret er Pergunn Gjerdsbakk.   Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Næringsliv

(Møre-Nytt): Det seier Thomas Lundberg, som er styreleiar i Volda Utvikling. Saman med Ivar Kvangardsnes og Pergunn Gjerdsbakk har han fått oppdraget med å legge til rette første byggjesteg i eit bygg der Norsk Innovasjonssenter vil vere ein av leigetakarane.