Pilane peikar rett veg med nye stolar

Millionunderskot er bytta ut med millionoverskot. Omsetninga aukar, og talet på tilsette like så. Det er møbelbedrifta Brunstad AS i Sykkylven vi snakkar om.

Kvilestol: Paz, ein av dei nye modellane til Brunstad AS.   Foto: Brunstad AS

Næringsliv

– Vi er på rett veg, omstillingane vi har gjort tek til å få effekt, seier administrerande direktør Ronny Bjøringsøy.