Stakar ut ny kurs for havbruksnæring:

Havbruk skal gi fleire arbeidsplassar

Miljø, berekraft, fleire arbeidsplassar, auka vekst og lønsemd i havbruksnæringa er viktige stikkord for den nye strategien som nærings- og fiskeridepartementet lanserte tysdag.

Havbruk: Regjeringa vil legge til rette for å skape fleire arbeidsplassar i havbruksnæringa. Næringa skal også vere berekraftig. Bilde frå Statt torsk sitt oppdrettsanlegg for torsk på Stadlandet. (Arkivfoto)  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– Det er positivt at departementet er så ambisiøse på næringa sine vegner. Det er ikkje mykje nytt som ligg i strategien, men det blir peika på prosessar som er viktige i forhold til vidare utvikling av næringa, seier direktør for havbruk i Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum, til Sunnmørsposten.