Stranda:

Ølbryggarane i Liabygda slapp med skrekken

– Vi vart berga av auken i salet av øl i daglegvarebutikkane. Til hotell og restaurantar stoppa det heilt opp.

Bryggar på noko: Trollbryggeriet held til i Liabygda, og har investert i nytt utstyr dei siste åra. På bildet ølbryggar Jørund Ringstad (Arkivbilde).  Foto: Terje Engås

Næringsliv

Det seier Kjartan Lied, hovudaksjonær i Trollbryggeriet AS i Liabygda, når han skal oppsummere fjoråret. Bryggeriet står bak ølet med merkevarenamnet Slogen. Trollbryggeriet har to tilsette.