Karl-Erik Sæbønes er avdelingsleiar for resirkulering ved Green Yard Kleven - der ti tilsette i dag jobbar dedikert med å resirkulere gamle skip og konstruksjonar. 28-åringen frå Sæbø er også leiar for service, innreiing, måling og ventilasjon - og har med andre ord mykje ansvar. Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL

Livslaupsverftet Green Yard Kleven

Resirkuleringa av bilferja MF «Jondal» frå 1974 markerer nok ein historisk milepåle ved den tradisjonsrike verksemda, som først tok til då Marius Kleven sette opp ei lita smie i Kleivakøyla på Dimnøya i 1939.