Tørkeramma sunnmørsbønder skal til Lom for å lære om vatning

Tru det eller ei, men det regnar for lite på Sunnmøre i sommarhalvåret til at hjula går rundt for grasproduserande bønder. Førstkomande fredag skal dei over til Ottadalen for å lære av kolleger.

Knusktørt: Det er faktisk nede på flatmarka nær elva det er tørrast. Frå venstre: bøndene Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite saman med landbruksrådgivar Jon Lied.  Foto: Staale Wattø

I 2018 var det ekstremt, då hadde vi vassmangel frå januar til slutten av august

Landbruksrådgivar Jon Lied
Næringsliv

Samdriftsbøndene Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite i Stordal produserer årleg 600 tonn mjølk. Den vert levert til meieriet i Ålesund.