No kan du sikre deg eit sportskapell

Sportskapellet i Vaksvika i Ålesund kommune er til sals. Og då får du ikkje berre ein forsamlingssal. Mellom anna har anlegget 30 soverom og eit bustadhus med to leilegheiter.

Kapell: Frå forsamlingssalen ved Sunnmøre Kurs- og Fritidssenter i Vaksvika.  Foto: Bilde frå salsprospektet.

Næringsliv

– Vi tenkjer enten å selje eller å leige ut. Siste åra har det stått mykje tomt, bortsett frå litt utleige til gjestearbeidarar ved skipsverfta.