Ny rapport:

Ytre søre er landets mest maritime region

5400 personar er tilsett i maritim næring i kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Og Sande kan skilte med å vere landets mest maritime kommune.

Landstoppen: Kommunane på ytre søre Sunnmøre er på landstoppen i sysselsetting og verdiskaping frå maritim næring. Her representert ved Herøy-ordførar Bjørn Prytz, Sande-ordførar Olav Myklebust og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Analyseselskapet Menon Economics har på oppdrag frå fagorganisasjonen NITO og Maritimt Forum laga ein rapport som viser at maritim næring bidreg med betydelege inntekter til fellesskapen. Og kommunane på ytre søre Sunnmøre utmerker seg.