Hotellet kan få 23 rom til: – Vi har akutt behov for meir plass

Stad hotell held fram med å vekse. Det er i alle fall det som ligg i korta om Vestkapp Eiendom AS får det som dei ønsker, nemleg å omregulere eit større område søraust for dagens hotell for å lage plass til femten nye hotellrom.

skipsinnreidd: Vestnes i Florø har laga inventaret i hotellet også, ikkje berre om bord i Ervik Havfiske sine linebåtar. Slik ser eit dobbeltrom ut. Til saman er det 33 slike og nokre suiter på Stad Hotell. No treng dei altså fleire rom.  Foto: Bjørn Halvorsen

Næringsliv

(Fjordenes Tidende): – Det er snakk om å få dette på plass så fort som mogleg. Det einaste som stoppar oss no er tomteinnskrenkingar. Målet vårt er å få tilpassa eit bygg som er tolererbart for alle, seier Åge Lundebrekke i Vestkapp Eiendom AS til Fjordenes Tidende.