Alnes Brygge:

– No ser vi ei positiv kurve

Alnes Brygge AS nytta periodane med delvis nedstenging og strenge koronarestriksjon til å vidareutvikle konseptet. No er familiebedrifta klar for ein aktiv haust.

Aktiv haust: Tone Alnes Juelsen, eigar og dagleg leiar, og Jesper Norgren, prosjektansvarleg og sommelier, er klare for ein aktiv haust for Alnes Brygge.  Foto: Lene Flataker

Næringsliv

– Endringar og nye reglar kom heile tida om avstand, kor mange gjestar vi kunne ha, om ein skulle planlegge ut ifrå kohortar, husstadsmedlemmar eller vaksinerte. Fyrst var det femti gjestar, så tjue og ti. Og det var skjenkestopp fleire gongar.