Kystruten er ytterlegare forseinka

Forseinking ved verftet i Tyrkia gjer at Havila Kystruten igjen må justere seglingsplanen. Første rundreise frå Bergen blir ikkje før 1. desember.

Først: Havila Kystruten skal segle den klassiske rundreisa mellom Bergen og Kirkenes med fire nye skip. Det første er «Havila Capella».  Foto: Pressefoto

Næringsliv

Havila Kystruten varsla i juli at første rundtur med «Havila Capella» er planlagd 26. september. Tysdag var det klart at første turen ikkje blir før 1. desember.