Direkte klokka 16.30 onsdag:

Politisk debatt frå The North West

Havet, energi, berekraftsmåla og korleis utvikle samfunnet for å møte utfordringane vi står overfor er tema politikarane skal debattere onsdag på NMK.
Næringsliv

The North West er godt i gong med årets konferanse, som inneheld 57 programpostar med over 200 deltakarar på ulike scener.

Som del av programmet blir det politisk debatt ved Norsk Maritimt Kompetansesenter onsdag kveld.

Stikkord for debatten er havet, energi, berekraftsmåla og korleis ein skal utvikle samfunnet for å møte utfordringane vi står overfor, som klima og demografi.


The North West:

– Ikke bare for middelaldrende menn i dress

Årets The North West vil nå ut til innbyggerne i regionen som vanligvis ikke går på konferanser.


Debattleiar Bibbi Kjølås frå NRK har med seg desse deltakarane i panelet:

  • Vetle Wang Soleim (Høgre)
  • Silje Alice Næss (Raudt)
  • Per Vidar Kjølmoen (Arbeidarpartiet)
  • Sigbjørn Gjelsvik (Senterpartiet)
  • Carl Johansen (Miljøpartiet Dei Grøne)
  • Harry Valderhaug (Kristeleg Folkeparti)
  • Oline Kjerstad (Sosialistisk Venstreparti)
  • Ketil Solvik-Olsen (Framstegspartiet)
  • Lena Landsverk Sande (Venstre)
  • Partiet Sentrum stiller også med ein paneldeltakar, men det er ikkje bestemt kven som stiller.

Debatten er eit samarbeid mellom NRK og Sunnmørsposten, og vert sendt direkte frå klokka 16.30 onsdag.