Planlegg polferd til Valldal, Hareid og Aukra

Dei har lenge hatt ønske om å få eige polutsal. Kanskje kan det kome eit positivt svar neste år. Då skal iallfall Vinmonopolet sine folk på synfaring til mellom andre kommunane Fjord, Hareid og Aukra.

Polutsal: Fleire kommunar står på ei lang liste over dei som ønsker seg eige polutsal. (Illustrasjonsfoto)   Foto: Foto: Gorm Kallestad / NTB

Næringsliv

– Det er ikkje tidfesta enno kor tid vi kjem, men det blir først ut på nyåret ein gong, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.