Orkla kjøper pizza-skinke på Hellesylt

Pizzafabrikken på Stranda si største merkevare, Grandiosa, skal også få ein variant med spekeskinke. Skinka skal dei kjøpe hos Ole Ringdal AS i nabobygda Hellesylt.

Avtale: Ole A. Ringdal, dagleg leiar i Ole Ringdal AS, har sikra seg ei leveringsavtale til pizzafarbrikken på Stranda.   Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Vi leita etter spekeskinke med høg kvalitet både i inn- og utland, og fann den på Hellesylt. Det var ekstra hyggeleg, synest Karen Skøien, merkevaresjef for Grandiosa i Orkla Foods.