Håpar på stor buffé til juleborda

Hotellbuffeten kjem ikkje på plass over natta, men i år satsar Hotel Union på at det både blir stor julebordsbuffet og dans på juleborda.

Internasjonalt: Ved Hotel Union i Geiranger håpar dei på internasjonal opning av samfunnet, slik at også den utanlandske turistmarknaden kjem tilbake. Arkiv.  Foto: Terje Engås

Næringsliv

– Det er kjempeflott at vi no er tilbake til normalen som vi alle har lengta etter, seier Monja Melva, fjerde generasjon vertskap ved Hotel Union i Geiranger.