Har bygd opp motemerke gjennom 30 år

Mette Katrine Kaldhussæter frå Valldal kan i år feire 30 år som gründer av sitt eige klesmerke Katrin Uri.

I vinden: Mette Katrine Kaldhussæter ved Syltefjellet i barndomsbygda Valldal. Mantraet for årets kleskolleksjon er eit dikt om å finne kvileskjær etter ein storm, som koronatida har vore. Når segla er fiksa må ein ut i vinden igjen.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– 30 år har gått så fort, men eg har same leikenheita og lysta til å gå på jobb. Når eg er ferdig med ein kolleksjon, gler eg meg til å ta fatt på neste, seier Mette Katrine Kaldhussæter som står bak Katrin Uri Design AS.