Sjå fiskerikonferansen The Next Wave i opptak her:

Sjå det du vil i opptak frå fiskerikonferansen på Giske

– Vi må skjønne korleis vi skal vidareutvikle næringa, seier konferansier Øyvind Haram, som drar tunge namn opp av hatten.
Næringsliv

Sunnmørsposten viser fiskerikonferansen The Next Wave direkte frå klokka 11 torsdag den 30. september.

Konferianser er den utflytta vigringen Øyvind André Haram.

Han gler seg til å treffe folk og poengterer at dette er den første store hendinga utan koronarestriksjonar for dei som er interessert i fiskeri og næringane rundt.

Konferansen er ifølge Haram spesielt interessant for alle som på eit eller anna vis lever av havet, inkludert utstyrsleverandørane og fiskeindustrien.

Konferansieren meiner Giske er den perfekte staden for å drøfte fiskeri.

– Vi ligg midt i hjartet, det er dette vi har heldt på med i alle år, og det vi skal fortsette med. Vi har eigentleg trekt lykkeloddet, seier han og held fram:

– Vi må skjønne korleis vi skal vidareutvikle denne næringa i tråd med alle berekraftsmål, noko det vert press på framover.

Han poengterer at Norge står føre det han kallar «ei vanvitig omstilling» og at sjømatnæringa heile tida må sjå på korleis den kan spele rolla si så godt som mogeleg.


Unge fiskarar gler seg til å reise til sjøs på fulltid

Dei fire 17 år gamle jentene har alt skaffa seg fiskerierfaring. No ser dei fram til å kome igang for alvor, og bryr seg ikkje om eventuelle kjønnsbarrierer.


Rikt program

På spørsmål om kva på programmet han kan trekke fram som ekstra interessant, nemner Haram John Williams, Dr. David Hughes og Asmund Sætre.

Sistnemnde jobbar i Brunvoll og skal snakke om automatisering i lineflåten.

Dr. Hughes er ifølge arrangøren ein særs ettertrakta foredragshaldar internasjonalt kring globale, matindustrielle spørsmål. Han skal snakke om truslar og mogelegheiter i havøkonomien.

Johan Williams var avdelingsleiar i Nærings- og fiskeridepartementet. Han er «retired, but not tired», står det i programmet.


Ser fram til å «få ein dæsj torsk gratis»

«Geir» og «Veidar» har førsterett på å fiske torsk ved Jan Mayen denne hausten.


Skal utfordrast på politisk idé

Konferansier Øyvind Haram skal intervjue Williams som siste post på programmet, ein mann han har stor respekt for.

– Han har leia eit departement i 44 år. Så tar ha pinadø på seg eit nytt oppdrag og seier «no skal eg bidra til det vert ro i Norges Fiskarlag».

Det er ikkje eit oppdrag som passar alle.

– For å få fiskarar til å verte einige, må ein vere meir enn fredsmeklar, kommenterer Haram.

Norge er inne i eit regjeringsskifte. Vi veit per no knapt noko som helst om kven som får relevante ministerpostar, eller korleis departementa vil verte organisert.

– Williams er tydeleg på at Norge treng eit nytt superdepartement «Havdepartementet», som kan samle alle havnæringane. Eg skal presse han litt på det.


Fiskeflåte i landligge:

De liker ikke makrell særlig godt, foretrekker hamburger og flyndre

Når høststormene herjer på havet, er det greit å ligge til kai i Ålesund. Der er det god tilgang på fersk fisk til middag om bord – eller en hamburger på land.