Sikra seg kontrakt verdt 420 millionar kroner

Kraftmontasje AS i Vestnes har inngått ein kontrakt med Statnett i Nord-Norge. Dette er deira hittil største kontrakt.

Kraftutbygging: Dette er linja mellom Kvandal og Kanstadbotn som skal skiftast ut av Kraftmontasje AS sine folk.  

Næringsliv

Kontrakten gjeld utskifting av ein 74 kilometer lang stålmastleidning mellom Kvandal og Kanstadbotn, langs grensa mellom Nordland og Troms og Finnmark. Det skriv Kraftmontasje i ei pressemelding.