Unge fiskarar gler seg til å reise til sjøs på fulltid

Dei fire 17 år gamle jentene har alt skaffa seg fiskerierfaring. No ser dei fram til å kome igang for alvor, og bryr seg ikkje om eventuelle kjønnsbarrierer.

På fiskerikonferanse: Frå venstre: Martine Nakken Henriksen, Sunniva Høybakk, Selma Steen Bjørlykke og Hedda Hildre. Fiskeri- og fangst er 2. klasse, etter at naturbruk er 1. klasse, under skulegangen.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Dei fire jentene på fiske- og fangstlinja (på det som mellombels heiter Fagerlia-Ålesund vidaregående skole) er alle på plass under fiskerikonferansen The Next Wave på Giske.