Konsernleiaren blir også verftsdirektør - og avviser interesse frå IT-milliardær:

– Eg kjem til å vere mykje på verftet

Hans Jørgen Fedog ser fram til betrakteleg meir vekependling til Kleivakøyla. Han gler seg til resirkuleringa av fleire offshoreskip - og den vidare utviklinga til livslaupsverftet Green Yard Kleven.
Næringsliv

(Vikebladet Vestposten:) På same dag som Solstad Offshore kunne melde at Green Yard Group kjøper sju utrangerte skip av dei, som skal resirkulerast ved Green Yard Feda og Green Yard Kleven – blei det også klart at Hans Jørgen Fedog tek over stafettpinnen etter Kjetil Bollestad.