Bjørn og Trude har funne balansen mellom livet på bygda og jobb i sentrale strøk

Bjørn Villard og Trude Thorgersen i kommunikasjonsbyrået Minnesota Agency har frå sitt vesle lokalkontor i Selje funne balansen mellom eit kvardagsliv nær naturen og ein spennande jobb der dei bygger merkevaren for bedrifter med store ambisjonar.

Satsar lokalt: Bjørn Villard og Trude Thorgersen utgjer Minnesota Agenzy sitt avdelingskontor i Selje. Sjølv om Bjørn har jobba i selskapet sidan han flytta til bygda i 2011, er det først no at dei tenker å satse på å sette sitt preg på lokale verksemder i regionen.   Foto: Bjørn Erik Drabløs/Fjordenes Tidende

Næringsliv

(Fjordenes Tidende:) Bjørn var den som kom først. Han har slekt i Selje og har besøkt staden sidan han var ein liten gutunge Han har jobba i kommunikasjonsbransjen sidan midten av åttitalet, og i 2011 starta han selskapet Minnesota Agency saman med broren Jan. Det same året valde han å flytte til Selje etter å ha møtt ei med tilknyting til staden.