Vidarefører skipsfinansiering

– Treng meir for å nå ambisjonsnivået for det grøne skiftet

Regjeringa vil vidareføre den mellombelse ordninga med skipsfinansiering ut 2023. Formålet er å bidra til auka aktivitet for skipsverft i Norge.

Skipsfinansiering: Norske verft får vidareført skipsfinansieringsordninga ein har hatt siste åra, men den maritime næringa meiner det trengst meir. Arkiv   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, VIKEBLADET VESTPOSTEN

Næringsliv

– Alle ordningar er hjelp i, men vi treng meir omfattande garantiordningar. Viss vi skal nå ambisjonsnivået som er lagt i regjering og Storting om det grøne skiftet, så må det takast nokre grep til, seier Jan Thormodsæter i Maritim forening for søre Sunnmøre (MAFOSS).