Sunnmørsfirma vann tunneljobb i Sogn og Fjordane

Aurstad Tunnel skal utbetre Naustdalstunnelen, Fjærlandstunnelen og Storehaugtunnelen.

Hovudkontor: Aurstad Tunnel AS er det største selskapet i Aurstad-konsernet, som har hovudkontor i Hovdebygda.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Ørsta-selskapet Aurstad Tunnel har fått tilslag på å byggje eller betre snunisjar i dei tre tunnelane. Dei vann anbodet til Statens vegvesen då dei leverte det lågaste av fire tilbod, på 35,5 millionar.