Nabo krever at Statsforvaltaren gjer umeldt tilsyn med steinbrot

Naboar ved knuseverket på Terøya har sett seg mektig lei på støy og støv. – Vi driver ikkje med dette for å plage folk, det er for å gjere ein jobb, svarar dagleg leiar.
Næringsliv

Lokalavisa Nordre har dei siste månadene omtalt naboar som er misnøgde med steinbrotet på Terøya. Naboane reagerer på det dei seier er omfattande støv- og støyplager. Sist Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hadde tilsyn med steinbrotet, var i 2016.