Mest mat frå Moa

Coop Obs på Moa hadde ei omsetning på 338 millionar kroner i fjor. Moa Mat selde daglegvarer for 136 millionar kroner og toppar lista over sjølvstendige butikkar.

Daglegvarer: Butikksjef Frank Lunde ved Moa Mat selde daglegvarer for 136 millionar kroner i fjor og toppar lista over sjølvstendige butikkar.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Moa i Ålesund er ein stor bastion også for daglegvarehandel. Coop Obs på Moa selde varer for 338 millionar kroner i fjor, ifølgje opplysningar Sunnmørsposten har fått frå Coop Nordvest. Det er dermed den desidert største daglegvarebutikken i området vårt, men butikken sel også ein heil del andre varer enn det som går under kategorien daglegvarer.