Første videoepisode av Mar:

Styrtrik Walmart-arving har investert. Gründeren i Ulsteinvik vil også ha «lokal, kompetent kapital».

Bestandane av kråkebollar er ute av kontroll. Det burde bekymre alle, og kanskje spesielt fiskarane, ifølge Brian Takeda.

Kan tareskogen sin fiende, kråkebollane, verte matindustri? Det jobbar Brian Tsuyoshi Takeda i Urchinomics hardt for å få til.

Næringsliv

Alle Mar-episodar kan høyrast som podkast:



– Dette er ein fatal kollaps i økosystemet, seier Takeda i denne episoden av Mar.

Takeda bur og jobbar i Ulsteinvik. Med sitt selskap Urchinomics, vil han kommersialisere fangst og oppfôring av kråkebollar for å selje dei til ein godt betalande marknad. Han har gigantinvestorar, i Japan og USA, med på laget. Kor er dei lokale støttespelarane, med det Takeda kallar «kompetent kapital»?


Har fått med gigantinvestorar på kråkebolle-satsing

Brian Takeda i Ulsteinvik vil selje kråkebolle-rogn til verdsmarknaden og redde tareskogen i same slengen. Det er ein god idé, trur to investorar og skyter inn oppstartskapital.


Kan bli delikatessemat: Her ser vi ei kråkebolle med rogn fotografert ved Berkneset i Volda kommune. På Sunnmøre er ikkje kråkebollane noko økologisk problem, sjølv om dei er tallrike også her.   Foto: Tommy Haga

Mar vert laga av næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Ikkje nøl med å send ris, ros eller tips til tarjei@smp.no.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Næringsliv