Null kroner i støtte til bedrifter i nordvest

Kritisk til fordeling av koronastøtte

250 millionar kroner til koronastøtte for bedrifter er i oktober fordelt frå staten til kommunane, men ingen kommunar på Nordvestlandet får pengar. Dermed får heller ingen bedrifter i regionen støtte.

Kritisk: Per Ivar Lied er kritisk til kriteria som er brukt for siste tildeling av koronastøtte. .  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– Eg er overraska over at det ikkje er ei einaste krone i støtte til Møre og Romsdal og Nordvestlandet. Eg unner Nord-Norge støtta, men kva med Møre og Romsdal, til dømes store turistkommunar som Ålesund og Stranda? I vårt fylke og på Sunnmøre er det også ein god del bedrifter som slit på grunn av det store fallet i turisttrafikken, seier Per Ivar Lied, Senterparti-politikar i Ørsta og første vara til Stortinget denne perioden.