Nytt stolikon til møbelbygda

LK Hjelle i Sykkylven har teke over produksjonen av stolen Falcon, eit ikon i norsk møbeldesign.

Møbelikon: Produksjonen av Sigurd Resell sin stol Falcon har no hamna hos LK Hjelle AS i Sykkylven.  Foto: LK Hjelle

Næringsliv

– Den passar godt inn hos oss, ettersom vi frå før lagar to andre stolikon: 711, designa av Fredrik A. Kayser i 1960, og Siesta, Ingmar Relling sin berømte stol frå 1965. Så Falcon skal vi ta godt vare på.