Flakk trur Devold kan produsere klede i Langevåg innan tre år

Ved hjelp av moderne maskiner som kan strikke heile plagg, trur Knut Trygve Flakk og Flakk Gruppen at det er mogeleg å hente delar av klesproduksjon heim igjen.

Har begge erfaring med familiebedrift: Knut Trygve Flakk (til venstre) var ein av dei sunnmørske næringslivsleiarane som fekk fronte nokre av sine planar og synspunkt for næringsminister Jan-Christian Vestre (Ap). Vestre har sjølv bakgrunn som leiar av familiebedrift.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Næringsliv

Næringsminister Jan-Christian Vestre (Ap) er på ein stormmarsj på Sunnmøre, der han måndag besøkte Brødrene Sperre, Sunde, Ulstein Group og Devoldfabrikken (Flakk Gruppen).