Tingretten:

– Totalt manglande respekt for reglar knytt til selskapsdrift

Rett før dørene vart stengt i mars 2020 bestilte La Chef/Det Grøne Treet indrefilet for over 100.000 kroner. Bustyrar veit ikkje kvar kjøtet har blitt av, og leverandøren må sjå langt etter betaling.

Det vart ny drift på Det Grøne Treet hausten 2019. På eit halvt år var det tre eigarar av driftsselskapet. I dag er det nye drivarar av lokalet.  Foto: Arkiv

Næringsliv

(Møre-Nytt) Dette er berre eitt av fleire døme på tvilsam forretningsdrift knytt til selskapet La Chef i Volda, ifølge bustyrerapporten frå bustyrar, advokat Thomas Lundberg.