Optimar på nye tokt i Russland

Russland er ein svært viktig marknad for Optimar. Irene V. Mjelde og Viggo Brevik tar oss med på innsida.

Næringsliv

Kvifor er den russiske marknaden så attraktiv? Korleis vurderer Optimar omdømmerisikoen ved å vere involvert i eit land som ikkje lenger reknast som eit demokrati? Kva er det moderne fiskebåtreiarlag i Russland og Norge spør etter no?

Opnar opp: Optimar gjestar Mar og snakkar om samarbeidet med russiske kundar. Frå venstre: Global salsdirektør Irene V. Mjelde Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten) og sjef for om bord-marknaden Viggo Brevik.   Foto: Nils Harald Ånstad

Du vert godt kjent med eit av Sunnmøres mest profilerte selskap i næringslivspodkast Mar. Den kan høyrast som podkast, eller sjåast som video.






Peder Stette: – Du klarer å ta ei bedrift til eit visst punkt. Så må der kome inn nye krefter.

Sunnmørsbedrifta Optimar kan notere seg ordrar på over 600 millionar kroner i første kvartal. Det er ny rekord. Samtidig tilset dei ny salsdirektør.


Mar fokuserer på næringslivet på Nordvestlandet, særleg det eksportretta, marine og maritime. Ordet «mar» betyr hav på blant anna spansk og har same språklege opphav som namnet «Møre».

Erfaren, men ny: Irene V. Mjelde kom til Optimar frå jobb i rekrutteringsselskapet Yapril. Før det leia ho Regatta, eit selskap som kanskje er best kjent for sine flytevestar. Her fortel ho korleis Optimar fekk sitt namn.  Foto: Nils Harald Ånstad

Podkasten vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ikkje nøl med å gi innspel til tarjei@smp.no

Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.