Kleven Maritime har sikra ein kontrakt på bygging av seks ankerhåndteringsskip for Maersk Supply Service.

I tillegg inneheld avtalen muligheit for bygging av ytterlegare fire fartøy, opplyser selskapet torsdag.

Skipa skal byggjast ved Kleven verft i Ulsteinvik og Myklebust verft i Sande. Dei første seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017.

Følg smp.no på Facebook

– Viktig for heile distriktet

Det er ikkje tvil om at denne signeringa kom på eit svært viktig tidspunkt. Ikkje berre for Kleven, men for heile det maritime miljøet på Sunnmøre.

– Det vil dessutan få positive ringverknader for folk og miljø også langt  utanfor den maritime næringa, lovar konsernsjef Ståle Rasmussen.

Mange norske utstyrsleverandørar er også inkludert i prosjektet. Om alle dei ti skipa blir ein realitet, kan Kleven har sikra seg jobb for dei tilsette heilt fram til 2018.

Hardna til

Direktøren med sitt næraste hoff var torsdag føremiddag framleis i Danmark, etter kontraktsignering med Maærsk i København i går, onsdag kveld. Rasmussen vedgår at kampen om kontraktane har hardna monaleg på i den seinare tid, og at marginane på inntening i den samanheng blir stadig meir pressa.

– Då er det berre ein ting å gjere: Å stå endå tidlegare opp om morgonen og kome seg i gang, seier Rasmussen.

Torsdag ettermiddag er han på plass heime i Ulsteinvik for å feire kjempekontrakten på seks nye skip med sine mange medarbeidarar.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Langsiktig strategi

– Maersk jobbar grundig og har ein langsiktig strategi. Dei investerar når andre ikkje gjer det. Det var flott at Kleven fekk denne kontrakta, seier dagleg leiar Oddmund Oterhals i Møreforsking til smp.no.

Han har saman med professor Arild Hervik stått bak klyngeanalysen som tek temperaturen på den maritime industrien på Nordvestlandet.

Den siste analysen viser at verftene må kjempe hardare for kvar kontrakt. Dei får napp berre på bare seks prosent av prosjekta de reknar på. Verfta har tent mindre enn då den forrige analysen blei laga. Resultatmarginen var i 2013 på 5,6 prosent, medan prognosene for i år er lågare.

– Men denne kontrakta viser at marknaden langt frå er død, og det går framleis godt for verfta. Kontraktane dei får er meir verd enn tidlegare, seier Oddmund Oterhals.

<strong>Storkontrakt:</strong> Konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime seier selskapet kan ha sikra seg jobb heilt fra 2018 med dei nye Maersk-skipa.