Høgteknologisk fabrikk til 40 millionar

Som eit første steg til ein ny moderne fabrikk med robotar, skal vidaregåande skular på Nordvestlandet få eit unikt simuleringsverkty.

Kompetanse: – Vi må ta vare på den kompetansen som er opparbeidd gjennom generasjonar på Sunnmøre. Ei naturleg utvikling er å ta i bruk moderne robotar som kan skape lønsam produksjon. Det kan hindre dei store verksemdene i å flytte ut, seier Arne Tande. 

Eksempel: Slik kan elevar få modellere sine fabrikkar og få tilbakemelding om kor effektiv fabrikken vert. Simuleringsverktyet blir tilbode gratis til utvalde skular for å skape interesse for industrien. 

Fakta
  • Aksjeselskapet Offshore & Industry Support og Arne Tande planlegg ein moderne robotstyrt fabrikk og opplæringsarena.
  • Målet er å ta i bruk den beste reiskapen som finst for å møte global konkurranse.
  • Eit 20-tals verksemder er med på første fase av prosjektet. Håpet er at dei og fleire blir med vidare, slik at ein moderne fabrikk kan stå ferdig hausten 2017.
  • Lokalisering er ikkje bestemt.
Næringsliv

– Vi satsar 400.000 kroner for at unge skal bli kjend med det som blir framtidas industri. Dei skal i første omgang få øve seg i korleis ein set saman effektive og lønsame fabrikkar og robotteknologi. Hausten 2017 vonar eg at ein moderne fabrikk med opplæringssenter til 40 millionar kroner skal stå ferdig. Føresetnaden er at industrien sjølv vil.

Det seier ein av nestorane i den maritime klynga på Sunnmøre, Arne Tande (65).

Etter 40 år i den maritime industrien på Sunnmøre har han via seg til ideen om å hjelpe små og mellomstore verksemder til å møte den harde globale konkurransen. Innovasjon Norge er tungt inne i prosjektet, og for å realisere simuleringsverktyet har han også fått med seg Kunnskapsparken i Ålesund.

Skular blir med

Ni skular og fagskulen i Ålesund er blitt informert om prosjektet, og om kort tid skal Tande ha møte med utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal.

– Målet med verktyet er at elevar i vidaregåande skule skal få ein smak av det som industrien i konkurrerande land allereie er i full gang med, seier Tande.

Han brenn for å ta vare på det maritime clusteret på Sunnmøre. Dersom industrien flyttar til utlandet, forvitrar det miljøet som skal sikre industri og arbeidsplassar i framtida.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Avhengig av kvarandre

– Dei store og tunge verksemdene på Sunnmøre er avhengig av dei små og mellomstore underleverandørane. Klarer ikkje dei å vere konkurransedyktige, vil dei store sjå seg om etter billegare stader å produsere. No kjem dei moderne robotane for fullt, og mange land er langt framme. Viktig at industrien nå bruker tida til å effektivisere produksjonen. Dersom ikkje vi lærer å ta i bruk dei same nye verktya, vil industrien tape vårt teknologiske forsprang, seier Tande.

Andre fase av prosjektet går ut på å byggje eit kombinert opplæringssenter og moderne fabrikk som kan produsere komponentar rimelegare enn produksjon i utlandet.

– Moderne teknologi er ikkje avhengig av store seriar for å vere lønsam, understrekar Tande.

Etter mønster frå mellom anna Tampere i Finland skal fabrikken ha eit opplæringssenter, og totalt rundt 15 tilsette, der lærlingar kan få rettleiing og sidan vere med i produksjonen.