Havyard Group og Fafnir Offshore tok onsdag imot «The Environmental Award» på den årlege offshore-konferansen i London. Det er det internasjonale bransjemagasinet Offshore Support Journal som står bak kåringa.

Prisen blei tildelt nybygg 126, eit Havyard 833 WE ICE plattform forsyningsskip med hybrid batteridrift, som Havyard bygger for islandske Fafnir.

Designsjef ved Havyard Design & Solutions, Arve Helsem Leine, seier det er lønsamt å investere på miljøvenlege produkt.

– Då vi utvikla den første WE-designen, var utfordringa å tøye strikken endå lenger og designe eit skip som brukte endå mindre drivstoff under reelle driftsforhold. Vi hadde spesiell fokus på for- og akterskipet i skroget, og kom fram med eit skrogdesign som gav vesentlege besparingar i drivstofforbruk både i roleg og stygt vêr.

– På bygg 126 har vi gått endå eit steg vidare, i samarbeid med Norwegian Electric Systems har vi integrert ei hybrid batteri-dieselelektrisk framdriftsløysing som gjer skipet endå sikrare, meir fleksibelt og meir miljøvenleg, seier Leine.

Batteriløysninga gjer at dieselmotorane ikkje treng å gå heile tida. Når kraftbehovet varierer, vil ein kunne lade eller belaste batteria, alt etter om kraftbehovet er lågare eller større enn kapasiteten til dieselgeneratorane i drift.

– I transitt kan ein oppnå 5 til 20 prosent reduksjon i brennstofforbruk, i hamn 25 til 30 prosent reduksjon og i dynamisk posisjonering opptil 35 prosent reduksjon, opplyser Leine.

Og det stoppar ikkje her.

– Vi kjem ikkje til å stoppe med dette, og har stadig nye idear om korleis vi skal ligge i fremste rekke på å utvikle nye, miljøvenlege løysingar. Kompetanse i heile verdikjeda er ein nøkkel, seier designsjef Arve Helsem Leine.