– Dette blir spydspissen på djupt vatn

Det første av fire Havyard 832 PSV er levert til kinesiske COSL.

Overlevering Cai Tian, viseadministrerande direktør i COSL Shipping Branch - og Dong Zhichen, viseadministrerande direktør på verftet, Huangpu Wenchong Shipyards, signerer leveringsprotokollen.   Foto: Havyard

Næringsliv

30. april overtok China Oilfield Services Limited (COSL) det første av fire Havyard 832 plattform forsyningsskip. COSL er eit dotterselskap av det største kinesiske oljeselskapet, CNOOC.

Havyard Design & Solutions med base i Fosnavåg har levert designpakken, og skipet er bygd ved eit kinesisk verft.

Spydspiss

– Havyard 832 er eit avansert design for PSV-sektoren, seier Chen loing, direktør for shippingdelen av COSL, i ei pressemelding frå Havyard.

– Vi er glade for å ta levering av eit høgkvalitetsfartøy. Ho vil bli spydspissen vår på offshorefelt på mellomdjupt og djupt vatn, og det vil auke vår konkurransekraft innan offshore forsyningstenester, konkluderer Chen.

Gjennombrot

Etter ein grundig anbodsprosess, valde COSL i desember 2012 å bestille designpakke for bygging av fire Havyard 832 PSV. Dette var eit gjennombrot for Havyard-design i Kina.

Det første Havyard 832 plattform forsyningsskipet vart utvikla i 2007, og nesten 30 skip av denne typen er anten levert eller under bygging. Sidan 2008 har Havyard 832 blitt kontinuerleg forbetra, og er også blitt brukt som fundament for utvikling av nye typar skip, for eksempel vindmølle-serviceskipet Havyard 832 SOV, opplyser selskapet.

Fakta om skipet:
Lengde: 79,00 m
Bredde: 17,60 m
Fart: 14 knop
Innreiing: 23 personar
Dødvekt: 3500 tonn
Dekksareal: 790 m2
Klasse: Isklasse B

Les også: Byggjer nok eit serviceskip til vindmøllepark