Verft skaper store ringverknader

Eitt årsverk i Kleven skaper fem årsverk utanfor verftsportane, ifølgje ei ny bok om Kleven-konsernet.

Myklebust Verft AS.  Foto: Anne Mari Tomasgard

Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Torill Myren, er forfattar av boka "Bit for bit. Båt for båt".  Foto: Anne Mari Tomasgard

Næringsliv

Ringverknadene i den maritime klynga blir omtalt i eit kapittel i boka "Bit for bit. Båt for båt" som Kleven-konsernet gir ut i samband med 100-årsjubileet i år.

Ifølgje boka handla Kleven-konsernet i fjor for over 3,3 milliardar kroner frå til saman over tusen ulike utstyrsleverandørar. Lokale bedrifter har inntekter på meir enn ein milliard kroner frå Kleven.

Les også: Finanskrisa stoppa Kleven-sal

Mest til Hareid

Ei oversikt viser at ringverknadene er størst i Hareid, der bedrifter - truleg helst Hareid Group - har selt for 489 millionar kroner til Kleven.

Tilsvarande tal for Ulstein kommune er 277 millionar kroner, Herøy 154 millionar, Ålesund 155 millionar, Ørsta/Volda 49 millionar, Stranda/Sykkylven 61 millionar og Møre og Romsdal elles 133 millionar kroner.

Adresse ikkje nok

I boka går det fram at verfta i Kleven-konsernet handlar mest frå dei næraste, men resten av kyst-Norge, frå Stavanger til Trondheim, fekk selje varer for 600 millionar kroner til Kleven. I tillegg handla dei for vel 750 millionar kroner frå andre delar av Norge. Frå utlandet kjøper konsernet varer for nesten 600 millionar kroner.

Men kortreist handel skuldast ikkje lokalpatriotisme:

-Det er så tøff konkurranse at vi ikkje kan drive veldedigheit. Det held ikkje med rett postadresse, seier produksjons- og innkjøpsdirektør i Kleven, Tore Roppen.

Enklare lokalt

Men han held fram at det er enklare med lokale leverandørar, og dei prioriterer lokalt framfor nasjonalt, nasjonalt før europeisk og europeisk før resten av verda.

- Det gjer vi ut frå erfaring. Det er enklare med lokale leverandørar. Kunnskapen om skipsbygging er betydeleg større her enn dei fleste plassar i verda, uttaler Roppen i boka.

Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Torill Myren, er forfattar av boka.