Sjå bildeserie og video:

Her reiser superyachten frå verftet

Den 107 meter lange ekspedisjonsyachten til milliardæren Graeme Hart reiste søndag føremiddag frå Kleven Verft.

Den 107 meter lange ekspedisjonsyachten til milliardæren Graeme Hart reiste søndag føremiddag frå Kleven Verft (mobilversjon)

Næringsliv

Sjå video frå avskjeden til høgre for saka (under om du leser saken på mobil)

Verftet i Ulstein er ferdig med sitt arbeid om bord, og fartøyet vart formelt overlevert forrige veke.

Ved 10-tida fyrte mannskapet opp maskinen på yachten som går under namnet «Ulysses», la frå kai - og styrte det heilt spesielle skipet ut mot Flø.

Video: Sjå superyachten reise frå Kleven-verftet

Luksusyachten er enno ikkje heilt ferdig, og skal no gå vidare til ein ny stad for å få på plass alt det siste utstyret.

Tok fram mobiltelefonane

Då folk på land vart merksame på kva for fartøy som hadde lagt ut på vatnet, var det mange som plukka fram mobilkamera og fleire følgde båten utover fylkesvegen mot Flø.

Ein av dei som fekk med seg avskjeden ute ved Gåsneset var tidlegare Ulstein-ordførar Hannelore Måseide og hennar svært båtinteresserte ektemann Torbjørn. Ruta for den planlagde gåturen måtte difor endrast, slik at dei fekk med seg meir av båten ute på Flø.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Eksordføraren fortel at ho er svært imponert over kva dei har fått til på Kleven: – Men eg synast den ser litt ut som eit krigsskipet eller eit marinefartøy. Det er kanskje fargen som gjer det, kommenterte Måseide.

Ved 11.30-tida gjekk yachten i sakte fart inn mot Breisundet samen med ein slepebåt, men skifta kurs sør for Godøy og gjekk utover til havs med ei fart på 15 knop, ifølgje AIS-sporinga til fartøyet.

Første av to yachtar

UIysses-yachten er den første av to slike skip som forretningsmannen frå New Zealand har tinga frå Kleven. Begge er designa av Marin Teknikk i Herøy, og den neste vert ti meter lengre.

Det har óg vore spekulasjonar om at Ulysses allereie er selt, og at Hart har lagt inn bestilling på eit tredje fartøy, men etter det smp.no kjenner til - er det ikkje korrekt.

Les også: Stor interesse for luksusyacht
Les også: Kleven bygger nok ein luksusyacht
Les også: Multimilliardæren bak luksusyachten

Prisen på skipet er ikkje kjent, men det har vore opplyst at den ligg i farvatnet som eit mellomstor plattform supplyskip - med andre ord 300 til 400 millionar kroner. Samstundes har det vore spekulert i at den reelle prisen medrekna alt utstyret om bord, ligger godt over ein halv milliard.

Leveringa har vore forseinka med om lag eit halvår, fordi eigaren har ønskja ekstra utstyr og endringar om bord.

Skipa skal multimilliardæren bruke til ekspedisjonar i røffe farvatn. Eigaren stilte på kaia då Ulysses vart sjøsett, men har ikkje vore interessert i å sleppe media om bord i fartøyet for å sjå nærare på finessene der.

Helikopterhangar og symjebasseng

Ulysses-yachten som er utstyrt for 60 personar, har ein mannskapsdel som på eit offshore-skip og ein passasjerdel. Her er det luksuriøs innreiing og sjølvsagt er det både symjebasseng og boblebad om bord.

Om bord er det mellom anna ein hangar for eit helikopter. Framme på dekk er det gjort plass til ein hurtiggåande båt, og på sida skal det vere lettbåtar og seilbåtar. Oppbevaringsplass for fleire mindre fritidsbåtar finst også.

Video: Sjå superyachten reise frå Kleven-verftet

Brua er ei såkalla «unified bridge» levert frå Rolls-Royce Marine, og er truleg den første av sitt slag om bord på eit privat fartøy. Også propellar og motor er frå Rolls-Royce. Fleire andre lokale selskap har óg levert utstyr om bord.

Relaterte saker: