Ole Johnny Vattøy er veteran i Leinebris-reiarlaget, med tretti år som linefiskar.

– Eg visste at båten vart stor, men når eg såg han i verkelegheita vart eg heilt sett ut, seier Vattøy.

Dette er tredje nybygget han er på. Den første var 39 meter. Denne er 58.

Nyvinningar

Men det er det som er inni båten som er spesielt. Fleire løysingar, slik som hydraulisk linemagasin, er med på å minimalisere det manuelle arbeidet. Pakkinga er automatisert, og arbeidsoperasjonar er effektiviserte. På ein normal dag skal mannskapet snu 55.000 onglar, utan å slite seg ut.

– Den manuelle sida av arbeidet er ikkje til å kjenne att. Det er rett og slett imponerande korleis dei har tenkt det ut, seier lineveteran Ole Johnny Vattøy.

Det mest spesielle er ein brønn der både lina og garna kjem rett inn i båten. Dette er første gong det skal dragast garn på denne måten.

– Dette skal vi nok få til å fungere, seier Ole Johnny Vattøy, som reknar med at dei skal auke fangstane.

– Når vi dreg garna på gamlemåten i all slags ver og vind mister vi opp til 20 prosent av fangsten, seier Vattøy.

Fusjon

– Eg torer å seie det: med den nye båten har vi skapt noko som verda før aldri har sett, seier Paul Harald Leinebø, som er ein av reiarane.

Leinebris/Urvaag- reiarane har fått eit fullstrukturert kombinasjonsfartøy for garn og line, med kapasitet til å fryse inn 50 tonn sløgd og kappa fisk i døgnet, og fabrikk til å produsere 15 tonn filet i døgnet.

– Vi kan tilby trygge arbeidsforhold for mannskapet, vi får inn sprell levande kvalitetsfisk og vi kan produsere akkurat den fisken kunden vil ha, seier Paul Harald Leinebø.

Men når han vert spurt om prisen på den tyrkisk-bygde båten seier han minst mogleg.

– Vi fekk ein gunstig kontrakt på eit gunstig tidspunkt, og drog nytte av ein gunstig valutakurs, seier Leinebø.

Sonen Christer skal vere skipper saman med Øyvind Uran. Då båten låg i Ålesund måndag var dei opptekne av ein ting.

– Det har vore mykje blautkake dei siste dagane. No vil vi kome oss på havet for å fiske, seier skipperane.

<strong>Nybygg:</strong> Den nye «Leinebris» i Ålesund, der han vert klargjort for fiske.