Kleven verft inviterte til pressekonferanse med gode nyheiter ved verftet utanfor Ulsteinvik fredag. Jubelen stod i taket då dei tilsette fekk vite at verftet skal byggje eit såkalla kabelleggingsfartøy for ABB.

Sjå video frå pressekonferansa over bildeserien

– Verdas mest avanserte

Avtalen er inngått med ABB i Sverige som driv med legging av kablar både til offshoremarknaden, og andre områder som til dømes fornybar energi.

ABB sjølv omtalar skipet som «verdas mest avanserte» kabelleggar i si pressemelding. Skipet skal leverast frå Kleven i 2017.

Sjå video frå pressekonferansa til høgre (under om du les saka på mobil)

Viktig kontrakt i tøff marknad

Kleven hadde skarp konkurranse med utanlandske verft om jobben. Konsernsjef Ståle Rasmussen legg ikkje skjul på at dei vert pressa på pris for tida.

Saka held fram under bilde

Stor kontrakt Konsernsjef Ståle Rasmussen kunne fortelje om kontrakta om bygging av skipet for ABB - som har ein verdi på meir enn éin milliard kroner. Foto: Marius Rosbach

– Det er ein tøft marknad, og marginane er ikkje store. Eg brukar vere litt moralistisk, og seie at det berre er hardt arbeid som nyttar og vi må stå opp tidleg også vidare: Det gjeld framleis, seier Kleven-sjefen.

Les også: Tiltak skal hjelpe verftsindustrien

Rasmussen påpeiker samstundes at dette var ei viktig kontrakt. Førre gang Kleven presenterte ei kontrakt, var i juli og dreia seg om to fiskebåtar ved Myklebust-verftet i Sande.

Drypper på lokale bedrifter

Det nye ABB-skipet er designa av Salt Ship Design på Stord - av typen 306 CLV - og er om lag 140 meter langt og 30 meter breitt.

Klevensjefen fortalde at han ikkje kunne opplyse om verdien på jobben, men det er klart at det dreiar seg om eit skip til ein verdi av meir enn éin milliard kroner.

Applaus Konsernsjefen vart møtt med applaus frå dei tilsette då dei var samla til allmøte for å få vite om den nye jobben. Foto: Anne-Mari Tomasgard

– Skipet inneheld mykje avansert utstyr, og det vil medføre betydelege ringverknader for lokale leverandørar, seier Rasmussen til smp.no.

Både Brunvoll, Hareid Group og ABB Marine 1i Ulsteinvik er involvert i prosjektet.

Johan-Sverdrup-kontrakt

For to dagar sidan offentleggjorde ABB at dei hadde sikra seg ein 700-millionerskontrakt på legging av kablar ut til Johan Sverdrup-feltet.

Etter det smp.no forstår, er dette første gongen ABB byggjer eige skip til slikt arbeid. Tidlegare har dei basert seg på innleige.

15 skip i ordreboka

Kleven-konsernet noterte seg for ny rekordomsetnad i fjor med inntekter på heile fem milliardar kroner, men innteninga for skipsbyggjarane i Ulstein sank samanlikna med året før.

Som vanleg byr konsernsjef Ståle Rasmussen på kake når det er feiring av ny kontrakt for Ulstein-verftet. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Kleven har samstundes ei velfylt ordrebok med 15 skip til ein verdi på om lag ti milliardar kroner.

Les også:Rekordomsetning for KlevenKleven treng fleire ingeniørar75 oppsagde i Kleven-selskap

Søker fleire ingeniørar

Trass nedgangstider skal verftskonsernet tilsette fleire nye folk - og søkjer for tida etter nye ingeniørar.

– Vi håpar at det at vi går ut med ny kontrakt, gjer at folk vil sjå på oss som ein spanande arbeidsplass. Dette er eit avansert skip, og nettopp slik type arbeid dei nye ingeniørane våre vil jobbe med, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven.

Det er framleis to veker igjen til fristen for å søke på jobbane går ut. Kvalsund kan difor ikkje seie korleis talet på søkjarar er, samanlikna med tidlegare.

Men dei har klare indikasjonar på at det er stor interesse, i eit lokalsamfunn der mange har mista jobbane sine det siste året.

– Vi ser at aktiviteten på nettsidene våre, er opptil 10 og 20 gongar høgare enn vanleg, påpeiker Kvalsund.