Super-snurpar for oljeoppdrag

Nydøypte «Christina E.» er supersnurparen som skal ta oljeoppdrag i fritida.

Vi dukkar inn i ei ny verd

Rita Sævik
Næringsliv

«Christina E.» ser ut som ein fiskebåt på utsida, men er noko meir. Nybygget foreiner Herøy sine to suksessfaktorar; fiskeri og offshore, friska opp med kvinneleg stilsans.

– Vi dukkar inn i ei ny verd, med heilt andre krav enn det vi har sett på fiskeria, seier reiar Rita Sævik.

Velutstyrt

Målet er å halde båten i drift heile året, ikkje berre halve, som er det vanlege for ringnotflåten.

Den åtti meter lange båten har lugarplass til tre gongar fleire enn eit standard ringnotmannskap. Det er også konferanserom, og andre fasilitetar som gjer at «Christina E.» kan fungere både som forskingsfartøy, seismikkfartøy, eller dykkarskip.

Kombisnurpar

Det betyr mellom anna eit system for dynamisk posisjonering (DP), slik at fartøyet kan ligge heilt i ro, samt ein rampe der det kan monterast utstyr for handtering av fjernstyrte ubåtar (ROV).

– Dette er ein gledens dag. Det er fem år sidan vi byrja på planleggje båten, som har blitt fantastisk, seier Rita Sævik.

Ho, mannen Espen Ervik og dei to borna har budd i Danmark i nesten eitt år for følgje utrustinga hos verftet i Skagen.

Interiør

Tida i Danmark har mellom anna gått med til innkjøp av friske og fargerike måleri, som prydar veggene i dei fleste rom og gangar om bord.

– Vi har valt å satse på innredninga. Både fordi det interesserer meg, men også fordi komfort vert viktigare og viktigare, spesielt i offshore, seier Rita Sævik.

Arkitekten Georg Grimstad frå Ulsteinvik har ansvaret for innredninga og romløysinga.

– Dette er min første jobb med skipsinteriør. Vi har prøvt å bruke mykje glas, og opne løysingar. Det blir spennande å sjå om dette set ein ny standard, seier Grimstad. som også mannen bak Havila-bygget Diamanten.

Fiskeriteknologi

Også på det fiskeriteknologiske er det gått nye vegar.

Herøybedrifta MMC har utvikla eit nytt system for fiskehandtering, der fisken vert soge inn i tankane i båten ved å skape vakuum. Og når fisken skal ut att vert det skapt ein straum som fisken flyt med.

– Dette sikrar ei skånsam handtering, samstundes som vi klarer å halde jamn og låg temperatur på vatnet i tankane, forklarer Leif Gjelseth ved MMC.

– Denne båten har automasjon som er i ei klasse for seg, der alt er gjort for å levere fisk med beste kvalitet. Dette er eit stort steg framover, seier Gjelseth.

Prisrekord

Med så mykje utstyr om bord er det ikkje rart om «Christina E.» set prisrekord for nybygg i ringnotflåten. Sluttrekninga passerer 300 millionar kroner.

– Det er mykje pengar. Derfor kan vi ikkje berre drive fiske med denne båten. Vi må tenkje alternativt, seier Rita Sævik.