Doblar krill-satsinga

Stig Remøy og Olympic har fått ny krillkonsesjon, og satsar på ny krilltrålar til fleire hundre millionar kroner.

Dette er grensesprengjande.

Stig Remøy
Krill
Næringsliv

Frå før har Olympic «Juvel» - ein flytande krilltrålar og fabrikk til vel 700 millionar kroner.

– Dersom vi får på plass alle brikker kan vi sjå konturane av eit nytt industrieventyr. Og med denne konsesjonen har ei viktig brikke falle på plass, seier ein glad Stig Remøy.

Han trakk det lengste strået i konkurranse med Aker Biomarine og Krill Seaproducts, selskap som har Kjell Inge Røkke og Arne Blystad i ryggen.

Best.

Fiskeridirektoratet har valt Olympic fordi dette selskapet etter deira syn er best på innovasjon, forsking og utvikling.

– Eg torer å seie at dei aldri før har vore bygd ein fiskebåt som skal operere i Antarktis, som har tatt så mange miljøomsyn. Den nye båten skal vere ei utstillingsvindauge for Norge når det gjeld miljøomsyn, fiskeriteknologi og forsking, seier Stig Remøy.

– Når vil du setje i gang med bygginga?

– Vi er ute og prisar båten allereie, både i Norge og utlandet. Det er eit vilkår for konsesjonen at vi skal vere operative i 2014.

– Kva vil dette koste?

– Det veit vi ikkje enno, men vi er klare til å satse det det kostar. Det er heller ikkje noko nytt at vi vil søkje samarbeidspartnarar.

– Kva meiner du med det?

– Vi er i samtaler med fleire potensielle samarbeidspartnarar.

Krillfabrikk.

Planane inkluderer ein krillfabrikk på land. Olympic har sett seg ut tomt på Mjølstadneset i Herøy.

– Dette er det største innovasjonsprosjektet i norsk fiskerinæring på fleire tiår. Om bord i det nye fartøyet vil vi ha verdas største produksjon av kosttilskot basert på fersk krill. Og når det gjeld det å etablere bioteknologisk industri på land for vidareforedling av produkta så vil vi helst at det skal skje på Sunnmøre, seier Stig Remøy.

Av dei tre norske krillprosjekta merker «Juvel» seg ut med at fabrikken produserer meir konsentrerte mengder av dei ulike produkta som kan utvinnast frå krill.

– Om bord i det nye fartøyet vil heile krillen bli nytta, vi får att ti gongar meir verdiskaping enn ved produksjon av mjøl. Og dette skal brukast til menneskemat. Det vi har byrja på med «Juvel» er grensesprengjande, meiner Stig Remøy.

Den nye krilltrålaren skal byggjast med høgste isklasse og doble tankar, såkalla «clean design». I tillegg vil fartøyet ha dieselelektrisk framdriftsmaskineri som vil gi minimalt utslepp av NOx/CO2.

– Vi har lagt stor vekt på miljøaspekta, og det trur eg er en viktig årsak til at vi har fått konsesjonen, seier Stig Remøy.