Remøy Fiskeriselskap byggjer ny trålar

Remøy Fiskeriselskap vel norsk verft når dei skal byggje ny «Hopen».
Næringsliv

Remøy Fiskeriselskap, med Aage og Jørn Remøy i førarsetet har bestilt ny trålar hos STX OSV AS.

I motsetnad til dei fleste andre lokale fiskebåtreiarar som har fornya båtane i det siste vel dei å byggje i Norge.

– Vi er heilt trygge på at dette verftet leverer det beste produktet. Dessutan er det kjekt å kunne bidra til lokal verdiskaping, seier Aage Remøy, som er styreleiar i Remøy Fiskeriselskap.

Reke og torsk

Aage Remøy la grunnlaget for sin karriere som fiskebåtreiar og offshorereiar med reke- og torsketrålaren «Hopen». Dagens «Hopen» er knappe ti år gammal, men likevel moden for utskifting.

– Det er ein av dei nyaste trålarane i fisket i dag, men vi ønskjer oss ein meir effektiv båt. Det er og ein fordel å skifte ut medan den gamle båten framleis har god verdi, seier Aage Remøy. Sonen Jørn Remøy er dagleg leiar i Remøy Fiskeriselskap.

– Vi ønskjer å følgje med i utviklinga, og vere fremst framme, seier Jørn Remøy.

Nye «Hopen» vert 74 meter lang og 16 meter brei. Den er designa av Skipsteknisk i Ålesund.

– Dette er eit prosjekt eg og mannskapet har jobba med i to år saman med Skipsteknisk. Vi er veldig nøgde med sluttproduktet, og har fått det som vi ville ha det. Vi får redusert energiforbruket per kilo fisk, og vi får auka kapasiteten veldig på kva vi kan fiske, seier Jørn Remøy.

Isfiske

Båten er ein kombinert reketrålar og torsketrålar for produksjon av sløya og hovudkappa fisk til frysing. Den vert spesialbygd for fiske i islagde farvatn.

– Dette er den første trålaren i Norge som er bygd etter det nye regelverket for oppbevaring av brennstoff. Og dette er ein båt som har mykje fuel om bord. Båten har stor kapasitet på motorkraft og stor lagringskapasitet. Dermed vert fleksibiliteten stor, seier dagleg leiar Inge Bertil Straume ved Skipsteknisk.

Trålaren skal byggjast av STX OSV. Nyleg bestilte Aker Seafoods tre trålarar frå verftsgrupperinga.

– Det er kjekt å få bygge fiskebåtar igjen, spesielt for gamle kjenningar. Det er artig at vi er attraktive, seier salssjef Antoni Vike Danielsen i STX OSV AS.