Satsar tungt på supply

Med utgangspunkt frå Fosnavåg har Shanghai-baserte Sinopacific Shipbuilding landa ein gigantavtale med skipsreiar John Fredriksen.
Fakta om Sinopacific
Næringsliv

Avtalen gjeld levering av ein stor serie med forsyningsskip. Dette får Sunnmørsposten stadfesta etter å ha snakka med fleire sentrale kjelder i offshoremiljøet.

Onsdag markerte Sinopacific opninga av sitt Europa-kontor under eit offshoreseminar i Ålesund. På plass var 130 potensielle europeiske kundar, flest norske.

Under gallamiddagen onsdag kveld kom det gode helsingar frå såkalla felles vener i London. Frå før er det kjent at London-baserte John Fredriksen og toppsjef Simon Liang i Sinopacific har god kontakt. Etter det Sunnmørsposten kjenner til, skulle Fredriksen delta under middagen, men måtte melde avbod i siste liten.

Norsk utstyr

Toppsjef Simon Liang ville overfor Sunnmørsposten ikkje kommentere eventuelle nye kundeforhold, men var i strålande humør under lanseringa av Sinopacific Norway.

– Etableringa i Norge er ein naturleg del av vår forretningsutvikling. Ein stor del av utstyret på skipa vi byggjer kjem frå Norge. No kjem vi endå nærare denne marknaden, seier Liang.

Med seg til å leie den europeiske satsinga har Liang handplukka Ole Zahl frå Fosnavåg. Zahl har lang fartstid som offshorekaptein, og har også hatt leiande posisjonar i Havyard Group og Ulstein Group.

Liang seier at han tok kontakt med Zahl så fort han fekk høyre at Zahl hadde slutta i Havyard-systemet.

– Ole er ein typisk entreprenør. Vi har fått ein svært god kjemi, og vi forstår kvarandre.

Fosnavåg-krav

Ole Zahl seier at han hadde tre møter med Liang før han takka ja til å leie den norske avdelinga. Mellom anna ville han ei meir omfattande satsing enn det Liang først ville ha.

– I tillegg ville eg at hovudkontoret skulle liggje i Fosnavåg. No er dette på plass.

Med utgangspunkt frå Herøy skal avdelinga først konsentrere seg om å prosjektleiing, sal, innkjøpsteneste og relasjonsbygging mellom Norge og Kina.

– Synergiane er store mellom Norge og Kina. Saman skal vi vise at ein pluss ein vert meir enn to, seier Liang.

Positivt

Ole Zahl håper på godt samarbeid med utstyrsleverandørar og reiarar på Sunnmøre.

– Vi vil samarbeide med alle, men vi kjem også til å konkurrere når det er naturleg.

Zahl legg ikkje skjul på at pris vil vere avgjerande for å lokke kundar til å satse på bygging av skip i Kina.

– På eit vanleg forsyningsskip, vil nok Sinopacific i snitt liggje 30 prosent under prisane til norske skipsverft.

Han meiner at det for den kinesiske verftsgruppa er det heilt avgjerande at alle lekk i utstyrskjeda fungerer optimalt.

– Derfor vil vi satse stort på utstyrspakkar, og direkte oppfølging av desse.

Han meiner at satsinga vil ha positive synergiar også for den sunnmørske maritime næringa.

– Det er trass alt snakk om verdas største aktør innanfor bygging av offshoreskip. For Sunnmøre er det viktig å ha god kontakt med eit slikt selskap.

Nobel-nekt

Sinopacific hadde med seg ein stor delegasjon til konferansen i Ålesund. Fire leiarar for statlege bank- og finansinstitusjonar fekk derimot ikkje reise til Ålesund og Norge.

Bakgrunnen er at Kina framleis ikkje har gløymt at Norge i 2010 gav Nobels fredspris til den kinesiske opposisjonelle Liu Xiaobo.