Startar med X-BOW

John Fredriksen startar storsatsinga på offshoreskip med Ulstein-design og X-BOW.
Næringsliv

Etter det Sunnmørsposten kjenner til er det Ulstein-designa PX 105 som Fredriksen først satsar på når han byggjer seg opp som ein stor offshorereiar og tek opp kampen med dei lokale offshoreselskapa.

Fredriksen planlegg å byggje seriar på fleire titals skip ved Sinopacific Shipbuilding Group i Kina.

Dei første skipa er alt under bygging ved eitt av verfta utanfor Shanghai, og det fyste av dei skal etter planen leverast 15. september neste år. Deretter skal fire til leverast i perioden frå november 2012 til juni 2013.

Nordsjøen

PX 105 er 89 meter lange og 19 meter breie forsyningsskip, og er godt eigna til å utføre forsyningstenester i Nordsjøen.

Ulstein Group har frå før levert to av denne typen skip til Remøy Shipping, to til CBO i Brasil og seks til Bourbon Offshore. Fire av dei seks siste er bygde ved Sinopacific.

Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru er det Nordsjøen Fredriksen primært satsar på.

Prisen per skip skal liggje på mellom 20 og 30 prosent under prisen på tilsvarande skip bygde i Norge.

Det er Fredriksen-selskapet Deep Sea Supply som har tinga dei første skipa ved det kinesiske verftet, men truleg er det Seatankers som kjem til stå som eigar.

Seatankers Management Company har hovudkontor i Limassol på Kypros og er eit dotterselskap av det Fredriksen-kontrollerte selskapet Golden Ocean Group.

Mellom anna skal fire PX 105-skip leverast frå Sinopacific til Fredriksen i perioden november 2012 til juni 2013.

STX

Fredriksen satsar også på Brasil, i tillegg til Nordsjøen. Allereie i februar 2012 får Fredriksen-selskapet Deep Sea Supply eit skip med STX-design av typen STX PSV09CD. Dette er også eit 89 meter langt og 19 meter breitt forsyningsskip, men skipsbyggjar her er STX OSV sitt verft i Niteroi i Brasil.

Kjelder i offshoremiljøet opplyser at Fredriksen satsar på mange titals skip.

– Kor mange det til slutt vert, er det ingen som veit. Dette vert uansett stort, seier ei sentralt plassert kjelde.

Sinopacific-eigar og direktør Simon Liang kan heller ikkje seie kor mange skip det er snakk om.

– Eg veit rett og slett ikkje kor mange det vert, seier han.

Bodkamp

Liang og hans følgje frå Sinopacific besøkte i går Ulstein Group, i tillegg til at ei gruppe også besøkte Jets på Hareid. I dag vert rundturen avslutta med besøk hos Rolls-Royce Marine.

Etter det Sunnmørsposten kjenner til er ei rekkje lokale bedrifter med i bodkampen om design og utstyr til Fredriksen-skipa. Det er dermed ikkje sikkert at Fredriksen satsar på Ulstein-design og X-BOW i den vidare oppbygginga av sin store offshorefåte.