Strid om smitta laks

Mattilsynet fråviker eigne reglar og godtek flytting av PD-smitta fisk over Hustadvika. Anders Pedersen i Fjordlaks er sjokkert.

  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Storselskapa Salmar og Lerøy Hydrotech kjempar for å berge fem millionar PD-smitta laks i anlegg på Nordmøre og i Sør-Trøndelag.

Hovudregelen seier nedslakting, men i går opna Mattilsynet for at noko av fisken, opp til 1,5 millionar laks, kan flyttast til ytre del av Romsdalsfjorden.

– Dette er fisk som er klinisk frisk. Det er påvist virus, men det er ikkje sjukdom. Og lokaliteten fisken kan flyttast til ligg slik til at risikoen for å eksponere andre anlegg er minimal, seier seksjonssjef Knut Rønningen i Mattilsynet Region Møre og Romsdal og Trøndelag.

PD-virus

Målet med flyttinga, kombinert med andre tiltak, er å halde området nord for Hustadvika fri for PD. For å oppnå dette vert altså fisken flytta sørover, og over ei grense som i PD-samanheng har vore absolutt tidlegare. Det vekkjer reaksjonar hos andre oppdrettarar.

–Det er snakk om ein stygg variant av PD som vi ikkje har hatt sør for Hustadvika. Dersom Mattilsynet tillet flytting av PD-sjuk fisk på denne måten så er det pengane som rår – ikkje Mattilsynet, seier Anders Pedersen i Fjordlaks.

Sjokkert

Sjølv måtte han slakte med regnbogeaurar då det vart påvist VHS virus i Fjordlaks sine anlegg i Storfjorden, noko som førde til tap på over 200 millionar kroner. Også andre selskap har fått krav om nedslakting for å nedkjempe sjukdom.

– Når ein går til Romsdalsfjorden med denne PD-fisken, så flyttar ein eit problem frå eitt fylke til eit anna. Ein risikerer også å flytte resistent lus frå eitt område til eit anna. Dessutan er denne fisken forsikra, seier ein sjokkert Anders Pedersen.

Ikkje sjuk

Seksjonssjef Knut Rønningen i Mattilsynet avviser at dette er sjuk fisk.

– Vi tillet ikkje flytting av sjuk fisk, seier han.

– Men den er smitta, og slik flytting er det forbod mot i dykkar føreskrifter.

– Ja, i utgangspunktet er det flytteforbod, men regelverket opnar også for at det kan gjerast unnatak. Dette er ein del av ein større heilskap der fem millionar fisk er råka. Flyttinga vil toppen gjelde 1,5 millionar fisk, resten blir sanert, seier Rønningen.

Men han vedgår at dette er ei vanskeleg sak.

– Ei flytting vil på lengre sikt gjere det enklare å oppretthalde strategien med å ha Hustadvika som ein barriere mot PD. For Mattilsynet har dette vore ei krevjande avgjerd der omsynet til fiskehelse, fiskevelferd og omsynet til dei store verdiar som er involvert er vurdert, seier Knut Rønningen.