Ventar ny vekst i Olden

Nordfjord Havn ventar over 90 skip og passasjerauke på 25 prosent i Olden neste år.

Vi slit med løysingar som er tilpassa Olden, men no trur vi at vi har ein svært god idé. Håkon Ivar Olsen

Næringsliv

– Kapasiteten er sprengd, seier hamnedirektør Håkon Ivar Olsen i Nordfjord Havn IKS.

Styret i det interkommunale selskapet skrinla i fjor planar for utbygging av kaia, men selskapet jobbar no med nye planar.

Shuttlebuss

På møtet i Olden tysdag blei styret orientert om ein ny idé for kaiutbygging:

– Vi slit med løysingar som er tilpassa Olden, men no trur vi at vi har ein svært god idé, seier Olsen, som fekk tilslutnad frå styret til å gå vidare med ideen.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Utfordringa i Olden er at det er trongt om plassen på land.

– No tenkjer vi ei shuttleløysing. I staden for å bygge ein stor parkeringsplass bak kaia, vil vi bruke shuttlebussar frå kaia til ein oppsamlingsplass. Det vil vere gunstig i forhold til trafikkbildet, seier Olsen og varslar at styret vil få saka til hausten.

Først om tre-fire år vil kaia stå ferdig til bruk.

Tysdag

Fram til den tid må selskapet takle utfordringane med stadig fleire og større båtar.

– Vi må prøve å fordele skipa på fleire vekedagar. Tysdagar er travlaste dagen, slik det nok er for alle hamnene på Nordvestlandet, seier Olsen og forklarer dette med dei største båtane sine reiseopplegg med vekescruise.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Hittil har over 90 skip varsla at dei vil til Nordfjord neste år. Med fulle skip kan det dermed bli 25 prosent passasjerauke samanlikna med årets sesong som også er hektisk. To dagar i august ligg det an til over 6000 passasjerar på same dag.

Med mannskap blir det meir enn 10.000, men det vil Olsen unngå.

– Det blir for mykje folk. Vi må ta vare på Olden-samfunnet. Får turistane ei dårleg oppleving, får dei ikkje lyst til å kome igjen, seier han.

Ti år

Det interkommunale hamneselskapet i Nordfjord hadde ved årsskiftet eksistert i ti år. Vågsøy kommune er største eigar, med 48 prosent av aksjane. Eid, Gloppen, Selje og Stryn eig 13 prosent kvar.

Størst aktivitet har selskapet i Måløy, men nær 20 prosent av samla omsetning kjem frå Olden.

– I forhold til budsjett hadde vi eit relativt godt år i fjor. Samla omsetning er aukande, noko som i første rekke skuldast fiskeri i Måløy. Sjølvsagt tel også det som skjer i indre Nordfjord. I forhold til samla omsetning har Olden stige og stige, seier Olsen og viser til 400 prosent passasjerauke på ti år.

Følg smp.no på Facebook

Pelagisk

Nordfjord Havn IKS auka inntektene sine og fekk noko betre økonomisk resultat i fjor enn året før. Overskotet kjem blant anna av oppsving i pelagisk fiske. I årsmeldinga blir spesielt kontrakten med Norway Pelagic AS om oppføring av nytt, sentralt fryselager på Trollebø trekt fram.

Dette tiltaket sikrar auka aktivitet i hamneselskapet. Og Olsen ser at dette vil gi gledeleg resultat for selskapet i inneverande år.