– Eg saknar livet på sjøen. Eg dreiv sjøen før i tida. Var fast fiskar, fast styrmann på båt, fortel dagleg leiar Rita Sævik (35) i Ervik & Sævik.

Innovasjonsprosjekt

Ho er aktuell i samband med at fire sunnmørsreiarar no har kome gjennom nålauget og får sin del av 211 millionar kronar som blir delt ut til ulike kompetanse- og innovasjonsprosjekt i Norge.

Fem av dei totalt 29 prosjekta hamna i Møre og Romsdal, fire på Sunnmøre. Bak eitt av desse står dei fire sunnmørsreiarane Eros, Kings Bay, Herøyhav, samt Ervik & Sævik som har fartøyet «Christina E». Desse får no støtte frå Forskningsrådets MAROFF -program.

Utdanna skipper

Prosjektleiar på «Christina E» er Rita Sævik.

Mannen, Espen Ervik, har den tekniske biten.

– Eg kjem til å vere med nokre turar på båten i samband med prosjektet, fortel ho.

Sævik er utdanna skipper. Men etter at dei fekk barn, blei det umogeleg å jobbe fast på sjøen.

Ho har vore med nokre turar mellom anna for å assistere når forskarar frå SINTEF og NIFES har vore om bord, men også for å vere med mannen.

Med to små gutar har ho ikkje noko fast ordning, men kan vere med iblant.

– Når ein vel å vere yrkeskvinne kan ein få litt dårleg samvit overfor barna. Men det går veldig greitt for dei når eg er på sjøen, seier ho og fortel at i løpet av august og september var ho borte frå heimen 2–3 dagar kvar veke. Det var på landjorda og det fungerer ikkje like greitt i høve til barna.

Mamma på båt

– Det vil eg trappe ned på for eigen del, fordi eg ikkje får så mykje overskot overfor ungane. Men også fordi dei ikkje forstår kva det inneber at eg må reise på styremøte i Trondheim, Bergen, Oslo eller halde foredrag i Tromsø, som eg gjorde nyleg. Ikkje veit dei kva foredrag er, og ikkje har dei noko forhold til Tromsø. Totalt sett er det faktisk mykje betre for dei om eg er om bord på «Christina E», seier Rita.

Ho fortel at dei to sønene Harold (5) og Markus (3) har eit nært forhold både til båten og mannskapet.

– Dei opplever ein heilt annan tryggleik når eg er der enn når eg flaksar rundt på møte, seier Rita Sævik.

«Christina E» driv fiskeri, men kan også ta offshoreoppdrag. Det er i samband med innkøyring av offshorebiten at det har blitt litt ekstra reising på landjorda.

No håper Sævik at det blir litt meir sjø og litt mindre reising framover.

Fireåring på fiske

Barna har vore mykje om bord. Eldstemann har vore med på nordsjøsilda, storsilda og makrellfiske. Som fireåring var han også med på kolmulefiske vest av Irland.

– Han er veldig vant til båt og føler seg trygg. Han får opp tunge dører, får seg mat, går i rorhuset.

Mange er skeptiske til at han skulle vere med. På kolmulefisket er det ofte stygt vêr. Vi var heldige med vêret. Det var ikkje så gale.

Sonen min har ikkje sjøverk. Mora vert mykje dårlegare, fortel Sævik.

Treåringen, derimot, er nok litt for glad i å trykke på knappar til at han kan vere med på båten enno.

Det hender det kan bli for lenge både for kone og barn når mannen er på sjøen i seks veker, heime to dagar, for så å vere borte igjen i halvannan månad.

– Når han ikkje kjem heim, dreg vi om bord. Det har hendt at vi har feira påske om bord, fortel Rita. I dag er det 1–1 skift, ein månad på og ein av. Det fungerer fint.

– Vi er ein utradisjonell familie. Eg likar meg på sjøen og lysten til å dra til sjøs er like stor hos meg som hos mannen min, kanskje større. Men du kan ikkje drive fast med fiske og fangst når du har barn, seier Rita.

Jula skal feirast heime.

Men på nyåret vert det kan hende ein loddetur.

Les meir frå næringslivet på smp.no

Med i prosjektet. «Christina E» som både er et fiskefartøy og en båt som kan ta offshoreoppdrag. Foto: Olav Thokle
Arkivfoto. Rita Sævik og Ida Grong Aursand fra Sintef tar prøver av makrellfangst. Foto: Olav Thokle
Med i prosjektet. «Herøyhav», her avbilda ved kai på Eggesbønes. Foto: Kjetil Haanes